Tilbake

Evaluering

Evaluering er systematisk innsamling av data, analyse og vurdering av ei planlagd, pågåande eller avslutta aktivitet eller verksemd. Evalueringar kan gjennomførast før eit tiltak vert sett i verk, undervegs i gjennomføringa eller etter at tiltaket er avslutta. Evaluering er viktig for læring, forbetring og utvikling. 

Bruk av GROW-modellen i evaluering er ein del av det systematiske arbeidet i Lom og Skjåk for å nå dei lærings- og utviklingsmåla som er sette. Dette gjeld på tvers av alle tenester. 

Elevundersøking

Elevundersøkinga er ei årleg undersøking der elevane får seie meininga si om forhold som er viktige for læring og trivsel på skulen. Elevane svarar på spørsmål om mellom anna trivsel, mobbing, læringsmiljø, motivasjon og støtte frå lærarane. 

SePU-undersøkinga

SePU-undersøkinga er ei undersøking utvikla av Senter for praksisretta utdanningsforsking (SePU). Ho gir kunnskap om læringsmiljø, trivsel, inkludering og kvalitet i tenestene. Resultata vert nytta som grunnlag for evaluering, kvalitetsutvikling og målretta forbetringsarbeid i skule og barnehage. Undersøkinga vert gjennomført annakvart år i både barnehage og skule. Lom har gjennom ført både T1 og T2, Skjåk har gjennomført T1.

Tilgjengelegheit

Gjennomføringsløysinga for Elevundersøkinga er universelt utforma og skal vere tilgjengeleg for alle.