Tilbake

Brukarmedverknad

Brukarmedverknad inneber at brukaren vert sett på som ein likeverdig part i samtalar og avgjerder som gjeld utfordringane hans eller hennar. Det viktigaste i møtet er god kommunikasjon, og at alle partar er opne og lydhøyre for kvarandre. 

Jordmortenesta

Brukarmedverknad er eit grunnleggjande prinsipp i jordmortenesta. Gravide og familiar har rett til å medverke i oppfølging og val av tiltak, og tenesta skal leggje til rette for aktiv deltaking i eiga oppfølging. Jordmortenesta skal sikre individuelt tilpassa oppfølging som tek utgangspunkt i den enkelte sine behov, ønskje og livssituasjon. Samhandling med andre tenester skal skje i tråd med pasient- og brukarrettane, og tenesta skal vere brukarorientert, heilskapleg og samordna i tråd med BTI-modellen. 

Helsestasjon

Brukarmedverknad er eit sentralt prinsipp i helsestasjonstenesta. Barn, unge og føresette har rett til å medverke i utforming og val av tiltak som gjeld eiga helse og utvikling, tilpassa alder og modnad. Helsestasjonen skal sikre individuelt tilpassa oppfølging som tek utgangspunkt i familien sine behov, ressursar og situasjon. Samhandling med andre tenester skal skje i tråd med pasient- og brukarrettslova, og tenesta skal vere brukarorientert, heilskapleg og samordna i tråd med BTI-modellen for å sikre tidleg innsats og samanhengande tenester. 

Skulehelsetenesta

Skulehelsetenesta er eit lågterskel- og førebyggjande tilbod som skal fremje helse, trivsel og meistring hjå elevar i skulen. Brukarmedverknad inneber at eleven skal bli høyrd, få tilpassa informasjon og vere aktivt involvert i avgjerder som gjeld eiga helse og oppfølging, i tråd med alder og modnad. Tenesta skal leggje til rette for dialog der eleven sitt perspektiv vert vektlagt, og føresette vert involverte når det er føremålstenleg. Oppfølging og samhandling med andre tenester skal skje i tråd med pasient- og brukarrettslova og BTI-modellen. 

Helsestasjon for ungdom

Helsestasjon for ungdom er eit lågterskel- og gratis helsetilbod som skal fremje helse, meistring og tryggleik hjå ungdom. Brukarmedverknad inneber at ungdommen har rett til å bli lytta til, få tilpassa informasjon og vere aktivt med i val av tiltak og oppfølging som gjeld eiga helse. Tenesta skal leggje til rette for trygge samtalar der ungdommen sine ønskje, behov og vurderingar vert vektlagde, og samhandling med andre tenester skal skje i samråd med ungdommen så langt det er mogleg, i tråd med pasient- og brukarrettslova og BTI-modellen. 

Barnehage

Kvar barnehage skal ha eit samarbeidsutval og eit foreldreråd, jf. barnehagelova § 4 og forskrift til barnehagelova §§ 5 og 6. 

Samarbeidsutvalet skal vere eit rådgjevande, kontaktskapande og samordnande organ. Det skal bestå av to representantar frå foreldre/føresette og to frå dei tilsette. Kommunen som eigar vel éin representant med vararepresentant til samarbeidsutvalet. Representasjonen følgjer perioden for kommuneval. 

Foreldrerådet skal bidra til at samarbeidet mellom barnehagen og foreldregruppa skaper eit godt barnehagemiljø. Rådet består av alle foreldre/føresette i barnehagen. Det skal få lagt fram saker og har rett til å uttale seg i saker som er viktige for foreldra/dei føresette sitt forhold til barnehagen. Foreldrerådet vel representantar til samarbeidsutvalet. 

Barne- og ungdomsskule

Brukarmedverknad på tenestenivå i skulesamanheng inneber at elevar og føresette skal ha innverknad på korleis skulen sine tenester og tilbod vert utvikla og organiserte, ikkje berre i enkeltsaker, jf. opplæringslova § 10. 

For Lom og Skjåk kommunar inneber dette at: 

  • elevar og føresette deltek i utvikling av skulemiljø, rutinar og tiltak 
  • elevråd, FAU og andre medverknadsorgan kjem med innspel til skulen sin praksis og kvalitet 
  • elev- og foreldreundersøkingar vert nytta aktivt i evaluering og forbetring av tenestene 
  • skuleleiinga legg til rette for systematisk dialog og medverknad i utviklingsarbeid 
  • brukarerfaringar inngår i kvalitetsutvikling og organisasjonsutvikling 

Målet er å sikre at skulen utviklar seg i tråd med behova til elevar og føresette, og at tenestene vert meir treffsikre, inkluderande og heilskaplege. 

Barnevern

Sel, Vågå, Lom og Skjåk barnevernsteneste gjennomfører brukarundersøkingar for alle foreldre etter avslutta undersøkingsperiode, og brukarundersøkingar for ungdom som har eller har hatt ettervern i barnevernstenesta. Målet er å få meir kunnskap om korleis det vert opplevd å ha kontakt og samarbeide med oss. Tilbakemeldingane gir oss moglegheit til å utvikle og forbetre barnevernstenesta.