Tilbake

Brukarmedverknad

Brukarmedverknad inneber at brukaren blir sett på som ein likeverdig part i samtalar og avgjerder som gjeld eigne utfordringar, behov og mål. Det viktigaste i møtet mellom tenestene og brukaren er god kommunikasjon, og at alle partar er opne, lyttande og tek kvarandre på alvor.

I Lom og Skjåk kommunar skal brukarmedverknad vere eit grunnleggjande prinsipp i alt arbeid med barn, unge, familiar og vaksne som har behov for støtte og oppfølging. Brukaren si stemme og erfaring er viktig når mål skal setjast, tiltak skal vurderast og avgjerder skal takast.

Les meir om brukarmedverknad og nyttige ressursar:

Ressursside frå Involvert

Visma Flyt Samspel / Stafettlogg

Stafettlogg er eit digitalt samhandlingsverktøy i BTI-modellen (betre tverrfagleg innsats). Verktøyet blir brukt for å sikre heilskapleg, koordinert og målretta oppfølging av barn, unge og familiar som har behov for tverrfagleg innsats og god brukarmedverknad.

I Lom og Skjåk kommunar skal stafettloggen bidra til at tenestene samarbeider tettare rundt den enkelte. Loggen fungerer som ein elektronisk arbeidslogg der mål, tiltak, ansvar og evalueringar blir dokumenterte og følgde opp på tvers av tenester og fagområde.

Gjennom stafettloggen får barnet, den unge og familien ei aktiv rolle i oppfølginga. Dette styrkjer medverknaden og gjer det enklare å skape felles forståing og samordna innsats.

Les meir om stafettlogg:

Individuell plan

Individuell plan er eit viktig verktøy for å sikre brukarmedverknad og heilskaplege tenester for personar som har behov for langvarige og koordinerte helse- og omsorgstenester.

Planen skal utarbeidast i samarbeid med brukaren og eventuelt føresette eller pårørande. Han skal ta utgangspunkt i den enkelte sine mål, ressursar, behov og ønskje. Brukarmedverknad inneber at brukaren skal ha reell innverknad på innhaldet i planen, på val av tiltak og på prioriteringar i oppfølginga.

Gjennom individuell plan skal tenestene samordnast på ein måte som gir føreseielegheit, tydeleg ansvarsfordeling og samanheng i oppfølginga. Planen skal bidra til at brukaren opplever å bli høyrd, involvert og møtt med heilskaplege tenester på tvers av fagområde og forvaltningsnivå.

I Lom og Skjåk kommunar er målet at individuell plan skal vere eit nyttig arbeidsverktøy både for brukaren og for tenestene, og bidra til eit godt samarbeid der brukaren sine mål står i sentrum.

Meir informasjon om individuell plan: