Tilbake

Barn som pårørande

Familielivet består av både små og store hendingar som kan gjere barn til pårørande på ulike måtar. Det kan oppstå akutte situasjonar som råkar foreldre eller sysken, eller barnet kan leve med ei langvarig sjukdom, skade, funksjonsnedsetjing eller rusutfordring i familien som ein del av kvardagen.

Barn som pårørande kan ha behov for informasjon, støtte og oppfølging for å forstå situasjonen dei står i og meistre kvardagen best mogleg.

Helsepersonell har eit særskilt ansvar for å bidra til å ivareta mindreårige barn sine behov for informasjon og nødvendig oppfølging når foreldre eller sysken har sjukdom, skade eller rusmiddelavhengnad. Dette inneber mellom anna å snakke med foreldre om barna sin situasjon og vurdere kva behov barnet har for støtte og informasjon.

I Lom og Skjåk kommunar skal tilsette i helse- og oppveksttenestene vere merksame på barn som pårørande, og bidra til at barna blir sette, høyrde og følgde opp på ein god måte.