Korleis barn kommuniserer at dei har det vanskeleg, vil variere frå barn til barn. Ei liste over signal vil difor aldri kunne vere fullstendig, og signala må sjåast i samanheng med barnet sin alder og livssituasjon.
I BTI-rettleiaren finst det ulike ressursar som skal støtte tilsette i samhandlinga med barn og unge.
BTI
BTI er ein samhandlingsmodell for tenester som møter gravide, barn, unge og foreldre det er knytta undring eller bekymring til. Hensikta med BTI-modellen er å kvalitetssikre ein heilskapleg og koordinert innsats, utan at det blir brot i oppfølginga. BTI bidrar til tidleg innsats, samordning og medverknad. BTI-modellen beskriv arbeidsprosessar og samhandling mellom tenestene, og viser veg frå bekymring til handling.