Kommunen sine planar og styringsdokument legg føringar for korleis tenestene i Lom og Skjåk kommunar skal arbeide med barn, unge og familiane deira. Føringane skal speglast i tenestene sine rutinar, prosedyrar og praksis, og danne grunnlaget for samhandling, tidleg innsats og heilskaplege tenester.
Kommunale planar byggjer på statlege føringar, men er tilpassa lokale behov ressursar og utviklingstrekk i kommunane.
Sentrale planar i Lom og Skjåk kommunar
Lom og Skjåk sine overordna styringsdokument og handlingsplanar gir føringar for tenestetilbodet og utviklinga i kommunen. Kommuneplanen sin samfunnsdel er det overordna styringsdokumentet og skal vise retning for anna planverk og utvikling av tenestene.
Kommuneplanen sin samfunnsdel
- Kommuneplanen sin samfunnsdel (Lom)
- Kommuneplanen sin samfunnsdel (Skjåk)
Budsjett og økonomiplan
Budsjett og økonomiplan inneheld kommunen sitt årsbudsjett og langsiktige økonomiske prioriteringar, og skildrar måla kommunen skal arbeide mot i ein fireårsperiode.
Dokumentet er kommunen sitt viktigaste styringsverktøy for prioritering av innsatsområde og forvaltning av ressursar. Det:
- fastset mål, satsingsområde og prioriteringar for dei neste fire åra
- konkretiserer korleis kommunen skal følgje opp overordna planar og politiske vedtak
- gir retning for utvikling og dimensjonering av tenester til barn, unge og familiar
- synleggjer korleis økonomiske ressursar skal nyttast for å nå kommunen sine mål og sikre berekraftige tenester
Relevante dokument
- Økonomiplan og årsbudsjett (Lom)
- Økonomiplan og årsbudsjett (Skjåk)
Betydning for Lom og Skjåk kommunar
Dei kommunale føringane skal bidra til at tenestene arbeider mot felles mål og prioriteringar. Gjennom planverk, økonomiske prioriteringar og politiske vedtak legg kommunen til rette for:
- tidleg innsats og førebyggjande arbeid
- heilskaplege og samordna tenester
- god samhandling mellom tenester, barn, unge og føresette
- berekraftig utvikling av tenestetilbodet
- målretta bruk av ressursar til beste for barn og unge i Lom og Skjåk
Som små kommunar har Lom og Skjåk særleg gode føresetnader for å omsetje planane til praktisk handling gjennom korte avstandar, tett samarbeid og god kjennskap til lokale forhold.