Tilbake

Brukarmedverknad

Brukarmedverknad er ein lovfesta rett som skal bidra til betre kvalitet i tenestene ved at brukarane får reell moglegheit til å påverke val, innhald og utforming av tenestetilbodet. Dette inneber at tenestene så langt som mogleg skal utformast i samarbeid med den einskilde brukaren, og at ønskje og behov frå brukaren skal leggjast stor vekt på. 

Brukarmedverknad i Lom og Skjåk kommunar inneber at barn, unge og føresette skal ha reell innverknad på tenester og tiltak som gjeld dei. Gjennom dialog, samarbeid og tilpassa involvering skal kommunane sikre at tenestene er relevante, treffsikre og held god kvalitet. 

Brukaren har rett til å medverke, og kommuna har plikt til å leggje til rette for aktiv deltaking og involvering. 

Kommuneplanens samfunnsdel (Lom)

Førebyggande plan for oppvekst (Lom)

Barn og unge sin rett til medverknad

Barn og unge har rett til å bli høyrde i saker som gjeld dei. Meiningane deira skal tilleggjast aukande vekt i takt med alder og modnad. Dette er forankra i FN sin barnekonvensjon og Grunnlova § 104, og kjem òg tydeleg fram i mellom anna barnehagelova og opplæringslova. 

I Lom og Skjåk kommunar inneber dette at: 

  • barn og unge skal få tilpassa informasjon 
  • dei skal bli inviterte til å uttrykkje synspunkta sine
  • perspektiva deira skal inngå i vurderingar og avgjerder 

Brukarmedverknad i Lom og Skjåk kommunar

Lom og Skjåk kommunar legg til rette for brukarmedverknad på fleire nivå:

Individnivå 

  • samarbeid med barn, unge og føresette i konkrete saker 
  • bruk av individuell plan, ansvarsgrupper og BTI-forløp 
  • tilpassa informasjon og dialog 

Tenestenivå 

  • systematisk innhenting av erfaringar frå brukarar (elevråd) og føresette (FAU), samt ulike brukarundersøkingar som til dømes; Elevundersøkinga, Spekter og SePU undersøkinga.  
  • samarbeid mellom tenester og familiar i utvikling av tiltak 
  • bruk av brukarperpektivet i evaluering av tenester 

Systemnivå 

  • ungdomsråd 
  • eldreråd og råd for personar med funksjonsnedsetjing  
  • politiske møte og høyringsprosessar 

Desse arenaene gir innbyggjarane, inkludert barn og unge, moglegheit til å påverke utviklinga av tenestetilbodet og lokalsamfunnet. 

Betydning for Lom og Skjåk kommunar

Som små kommunar har Lom og Skjåk gode føresetnader for tett dialog og reell medverknad. Nærleiken mellom tenestene og innbyggjarane gjer det lettare å: 

  • involvere barn, unge og føresette tidleg 
  • tilpasse tenester til individuelle behov 
  • byggje tillit og gode relasjonar